Marlon Langeland kjem til DOKFILM for å snakke om IGTV-serien sin og vi vil halde ein Q&A med han, det vil også være moglegheiter for å stille spørsmål til han.
Marlon slo gjennom i rolla som Jonas i suksesserien SKAM på NRK, og er ein allsidig skuespiller med fleire talenter – deriblant skating og gitarspeling. Han har dessuten eit stort hjerte og engasjement for verda rundt seg, og laga i 2018 Instagram TV-serien «Marlon’s Journey» kor han besøkte flyktningar på sin egen alder på tre forskjellige kontinenter.
Marlon’s Journey
Marlon Langeland, kjent frå NRK-serien SKAM, reiste høsten 2018 saman med Flyktninghjelpen til tre land ramma av fluktkrise. Der møtte han flyktninger og internt fordrevne på sin eigen alder og fikk høyre deira historier. Utfordringane for ungdom og unge vaksne på flukt er mange, men dessverre blir historiane deira sjeldan fortalt. Marlon ønska å setje fokus på røynda til unge menneskje på flukt – draumane og håpa deira – og har skapt mykje engasjement her heime blant norsk ungdom.
//
This event is in Norwegian.