
BIFFs talentpris er ny av året og er eit samarbeid mellom BIFF og DOKFILM
Juryen består av representantar frå Bergen Internasjonale Film Festival.Under DOKFILM vil dei sjå filmar av nye/ferske dokumentarfilmskaparar, på jakt etter talent som fortener merksemd for arbeidet sitt.
Talentprisen vil gje vinnaren ein særskild mogelegheit til å få vist seg ytterligare fram.
Premien er: Visning på BIFF 2012, dekking av flyreise tur/retur Bergen, hotellopphald i 2 dagar, samt akkreditering til BIFF 2012.
I tillegg vil BIFF velge ut 3 studentfilmar frå festivalprogrammet til eit eige sideprogram under BIFF 2012. Dette sideprogrammet for norske studentdokumentar vil bestå av totalt 6 filmar.
Høyr NRK P2 Kulturnytts sak om prisen her:
