Praktisk informasjon

Fimpåmelding

Vi tar imot filmar fram til 15.februar. Send påmeldingsskjema og to dvd-kopiar til:

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen
HVO, Boks 500
6101 Volda

Overnatting

Volda er ei lita bygd og moglegheitane for innkvartering er noko begrensa. Om du ikkje kjenner nokon her kan vi sikkert hjelpe. Treng du husly, ta gjerne kontakt med våre sosialansvarlege Iben og Margaret ved å sende ein e-post til ansvarleg for overnatting.

Transport

Volda ligg i vakre omgivnader på Sunnmøre i Møre og Romsdal, halvannan time frå Ålesund.

Enklaste vis å kome seg til Volda på, er med buss eller fly. Widerøe har daglege avgongar frå Bergen og Oslo til Volda. Sjå wideroe.no.

Både Norwegian og SAS flyg til Ålesund frå dei fleste av Noregs største byar.
Sjå sas.no eller norwegian.no.

Frå Vigra kan ein deretter kan ta flybussen til Moa(Ålesund) og Timekspressen frå Moa til Volda.
Det går ekspressbussar til Volda frå Oslo, Bergen og Trondheim. Sjå nor-way.no.

Ein del kjem óg til Volda med bil. Følg med på sida vår på Facebook, kanskje nokon har ein ledig plass eller to

Billettar og festivalpass

Festivalpasset gjev tilgong til alle filmframsyningar, Doksnakk, Pitcheforum og dei fleste sosiale arrangement.

Festivalpasset vil kunne kjøpast i Infobua ved Samfunnshuset og på Studenthuset Rokken under festivalen.

Billettar til konsertar og Laurdagsfesten må kjøpast separat og vert lagt ut for sal i forkant av festivalen. Eksakt dato vil bli annonsert.

Hjelp til

Vil du vere med å bidra under Noregs eldste og største Dokumentarfilmfestival?

Uansett kva du kan, eller ikkje kan, om du kan jobbe mykje eller lite – BLI MED!

Du kan jobbe i baren, i kaféen, kjøyre bil, plukke søppel, ta vare på gjester, leika med born, leie hestar, jobbe som vakt, dekorere samfunnshuset, ja, eigentleg kva som helst! Kom og bli med på å lage årets happening i Volda!

For meir informasjon om arbeidsoppgåvene, meld deg på her, kom og prat med oss, eller send mail til ansvarleg for frivillige.