Den Norske dokumentarfilmfestivalen vert arrangert 25.-29. april 2012, og er den sekstande i rekkja. Festivalen er den største og eldste av sitt slag i Noreg, og vart arrangert fyrste gong i 1997.
Kvar vår møtes filmskaparar og publikum i Volda, for å sjå dokumentarfilm og for å bli inspirert av kvarandre. Frivillige studentar ved Høgskulen i Volda er drivkrafta bak festivalen, med god hjelp frå sponsorar og lokale krefter.
I 2011 valte Den Norske Dokumentarfilmfestivalen å fokusera på norsk dokumentarfilm, med eit supplement av utanlandske filmar for å skape inspirasjon og variasjon. Dette er eit fokus festivalen ynskjer å ha også i 2012, fordi me tykkjer det er viktig å fremja den norske dokumentarfilmen.
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen ynskjer å vera ein festival for filmglede, fagleg innputt og sosial trivsel.
