FOLKEFEST

Dokumentarfilmfestivalen inviterer til ein heidundranes Folkefest. Det vil bli vaffelservering, saft og kaffi, i tillegg vil det vere mogleg å få måla fjeset sitt i spreke fargar, balansere på ei slakk line og mykje anna. Frå scena vil ein livleg gjeng jøglerar stå for underhaldninga og servera eit variert show til glede for for folk i alle aldra. Born og vaksne er hjarteleg velkomne til folkefest i Volda – og moroa er framleis heilt GRATIS!